Full fart i Prosjektavdelinga til Fokus Elektro
Sist fredag signerte kommundirektør i Kinn Kommune Terje Heggheim rammeavtale med Fokus Elektro om utskifting av 2000 gatelysarmatur. Avtalen har ein verdi på mellom fem og seks millionar NOK, og strekkjer seg over 4 år.
Vi i Fokus Elektro går hausten lyst i møte med rekordstore ordrereserver.
Vi skal være med å bygge Campus Førde, den nye videregåande skulen i Førde, i tillegg kjem Elvekanten som er husvære og forretningsareal dette og i Førde. Rehabilitering av 2 kraftverk for Troms Fylkeskommune, og som underleverandør til Trygve Ullaland AS som skal bygge kontorbygg for Cargill på Trolleskjæret. Desse jobbane kjem i tillegg til arbeidet med det nye anlegget til Breivika Eigedom, Mowi Haukå, arbeid på Cargill sitt anlegg på Storsteinnes, og utviding av lakseslakteri for Cermaq i Steigen.
Vi treng fleire montører både til Prosjektavdelinga vår og til dei andre avdelingane.
Har du lyst å jobbe i Fokus Elektro, eller ved prosjektavdelinga vår ta kontakt med Avdelingsleiar for prosjektavdelinga Magnar Nordal på 478 78 832, eller Adm. sekretær Britt K. Hafstad på 476 07231 for nærare opplysningar.