Fokus Elektro AS
post@fokuselektro.no
Leirvåggata 23, PB 284
6902 Florø
Fokus Infranett søkjer fibermontør og lærling.
Fokus Elektro søkjer montører Gr.L
Vi er stadig på utkikk etter nye medarbeidarar.
Vi er alltid på jakt etter flinke folk som kan bli ein del av laget vårt.
Er du ingeniør eller montør som brenner for faget, som trivst i lag med kundar og kollegaer, som er opptatt av å gjere ein skikkeleg jobb, så tar vi gjerne imot din søknad på post@fokuselektro.no eller ring oss på 57 75 29 20.
Vil du bli lærling? Les meir her
I Fokus elektro kan vi tilby spennande faglege utfordringar, i eit godt arbeidsmiljø. Vi ønsker at dei tilsette skal få utvikle seg gjennom å ha spennande arbeidsoppgåver. Relevant kursing og opplæring vert sjølvsagt også gitt. Vi tilbyr konkurransedyktig lønn og innskotsbasert pensjonsordring med 4 % innskot.
Vi har stort fokus på arbeidsmiljø. Derfor arrangerer vi sosiale aktivitetar for dei tilsette, og reiser på turar i både inn-og utland. Vi har sykla Rallarvegen saman, køyrd racerbil i England, vore på Volvo Ocean Race museum i Alicante, Spania, vore på tur til Island og Tyskland, i tillegg til ei rekke turar i heimfylket og aktivitetar i heimbyen Florø.
Send søknad til:
Ring for mer info om stillinga:
Som lærling hos oss vil du få praktisk og teoretisk kunnskap om faget, gjennom ei læretid på 30 månader. Fagleg leiar i Fokus elektro har det overordna ansvaret for lærlingane våre, og deira utvikling. Ein erfaren fagarbeidar har ansvar for den praktiske opplæringa av våre lærlingar.
Kven ønsker vi som lærlingar?
Vi tek inn lærlingar kvart år og ønsker deg som er ansvarsbevisst og har stå-på-vilje.
Får du læreplass hos Fokus elektro blir det oppretta skriftleg opplæringskontrakt mellom deg og bedrifta.
Korleis søker du?
- Søknadsfrist for lærlingar er 1. april kvart år.
- Send søknad til post@fokuselektro.no.
- Merk søknaden med «Lærling», og legg ved karakterar og evt attestar.
- Oppstart kvart år ca 15. august.
Løn
Lærlingar får løn etter eigen tariff
Vidare arbeid i Fokus etter læretida?
Etter bestått fagprøve i Gr.L kan du ha gode mogelegheiter for ei vidare karriere i ei av Fokusbedriftene. Vi tilbyr også fagbrev innan Automasjon og Telekom, samt vidareutdanning i lag med fagskulen.