Vil du bli lærling?

Fokus elektro bidreg til å utdanne nye elektrikarar gjennom å tilby læreplass for elevar som er ferdig med VG2.

Som lærling hos oss vil du få praktisk og teoretisk kunnskap om faget, gjennom ei læretid på 30 månader. Fagleg leiar i Fokus elektro har det overordna ansvaret for lærlingane våre, og deira utvikling. Ein erfaren fagarbeidar har ansvar for den praktiske opplæringa av våre lærlingar.

Kven ønsker vi som lærlingar?

Vi tek inn lærlingar kvart år og ønsker deg som er ansvarsbevisst og har stå-på-vilje.

Får du læreplass hos Fokus elektro blir det oppretta skriftleg opplæringskontrakt mellom deg og bedrifta.

Korleis søker du?

Søknadsfrist for lærlingar er 1.april kvart år.

Send søknad tilpost@fokuselektro.no. Merk søknaden med «Lærling», og legg ved karakterar og evt attestar.

Oppstart kvart år ca 15.august.

Løn

Lærlingar får løn etter eigen tariff

Vidare arbeid i Fokus etter læretida?

Etter bestått fagprøve i Gr.L kan du ha gode mogelegheiter for ei vidare karriere i ei av Fokusbedriftene. Vi tilbyr også fagbrev innan Automasjon og Telekom, samt vidareutdanning i lag med fagskulen.