Team-samling i Kalvåg

Team-samling i Kalvåg

Forrige helg var alle Fokus-bedriftene – tilsaman 45 tilsette –  samla i Kalvåg, til fagleg og sosialt samvær. I tillegg til kurs i sikkerhetsforeskriftene (FSE), leia av Tore, og svært god mat på Knutholmen (Krabbefest på fredag og det legendariske Havets festbord laurdag), var det nybygget som sto på programmet.

 

Vi flytter inn i nye lokaler neste år, og det er viktig for oss å involvere medarbeidarane i arbeidet med å utforme bygget best mogeleg. Alle tilsette hadde fått tilsendt teikningar i forkant, og fordelt i seks grupper jobba ein  på samlinga  med tankar og idear rundt alt frå parkering og verkstad til kaffimaskiner og garderobefasilitetar. Det var eit stort engasjement, og det kom inn mange gode innspel! No skal innspela samordnast før endelege konklusjonar vert trekt.

Fokus elektro Maritim, som ikkje skal inn i nybygget, hadde ein eigen seanse. Dei skal pusse opp noverande  lokaler på Westcon yards når Fokus infranett vert samlokalisert med Fokus elektro, og samla idear til dette.

 SAM_0385