Om Fokus Elektro

Fokus Elektro tar mål av seg å vere ein trygg og pålitelig leverandør av elektro og tele/data. Vi har tilsette med høg kompetanse og riktige haldningar, og dette har vore kjernen til vår suksess.

Fokus Elektro konsernet held til i Florø, Sogn og Fjordane. Det består i dag av tre selskap; Fokus Elektro AS (morselskap), Fokus Elektro Maritim AS og Fokus Infranett AS.

 

Selskapa har store industri-og næringskundar, som EWOS, Marine Harvest, Slakteriet, Westcon Yards, Enivest og Eltel Networks,Florø Bygg med fleire, men leverer også til privatmarknaden.

Fokus Elektro vart etablert i 2005, av Svein Terje Nødseth, Tore Nyttingnes og Magnar Nordal. Verksemda har vore i stadig vekst sidan den tid. No er vi eit slagkraftig konsern og ein sterk aktør i næringslivet i regionen. I 2014 var den samla omsetnaden for dei tre selskapa 74 millionar kroner.