-No treng vi fleire folk!

-No treng vi fleire folk!

Fokus Infranett er tildelt to nye kontrakter, og skal bygge ut fiber i Jølster og Gloppen. Fokus Infranett er eit av Fokus elektro sine dotterselskap. Arbeidet Fokus Infranett er tildelt har ein verdi på tilsaman 20 millioner kroner.

«Dette er ei tillitserklæring, og viser  at jobben vi gjer blir lagt merke til», seier dagleg leiar av Fokus Infranett, Atle Kirkebø og fagleg leiar Laila Faye Brandsøy.

Den eine kontrakta er med Enivest om fiberutbygging i Stardalen i Jølster kommune, og den andre med SFE Nett om fiberutbygging på Breim i Gloppen. På bildet: Atle Kirkebø og Øyvind Solheim, ingeniør i SFE Nett AS.

Kontraktene sikrar full sysselsetting for dei 12 som jobbar i Fokus infranett. I tillegg treng vi no fleire folk. «Vi ser etter flinke folk som har erfaring som telekommunikasjonsmontørar, eller som har lyst å arbeide med fiberkabler», seier Kirkebø.

Skulle du ha interesse, ta kontakt med Fokus infranett som held til i Fokusbygget på Evja.