Godt nyttår fra Fokus

Godt nyttår fra Fokus

Vi er i ferd med å gå inn i eit nytt år, og vi i Fokus elektro ønsker å takke kundar, tilsette og samarbeidspartnarar for året vi legg bak oss. Med gode kundar og dyktige medarbeidarar gjennom 2015, har vi lagt grunnlaget for at også neste år skal bli eit spennande år for bedriftene.

Vi har mykje å vere stolte over

2015 har vore eit år med god aktivitet for alle Fokus-bedriftene. Vi er svært opptekne av å skape tryggleik for alle våre kundar, gjennom å ha fagleg dyktige og service-orienterte tilsette. Det har vi gjort i året vi legg bak oss, og det er vi veldig stolte over. Økonomisk ser det ut til at vi får eit godt resultat også i 2015, med ein omsetnad på rundt 65 millionar for dei tre bedriftene.

Av store leveransar i 2015 vil vi trekke fram Fokus Elektro sit vedlikehaldsarbeid på Marine Harvest sin fôrfabrikk i Bjugn, og den store jobben for Avinor på flyplassen i Florø, der vi har trekt 12.000 meter med ny kabel, og hausta mykje skryt frå Avinor. I Fokus Maritim har det blitt lagt ned mykje godt arbeid på skipet Sarsen, som er bygd om til kombinert lyst-og forskningsbåt for ein russisk eigar. Fokus Infranett har lagt fibernett i Ytre Bremanger, og har ellers hatt mange småjobbar for privatkundar som har fått fibertilknytning.

Spennande 2016

Neste år ser vi fram til å flytte inn i nytt bygg på Evja i Florø, som skal stå klart i september (sjå mellom anna sak i Firdaposten).

Situasjonen i offshore-næringa pregar lokalsamfunnet og regionen vår, men i Fokus  jobbar vi med spennande ting som vi håpar og trur kan skape god aktivitet også i 2016.

Vi ønsker med dette alle eit riktig Godt Nyttår!