Fokus skal få nye lokaler

Fokus skal få nye lokaler

Fokus elektro har denne veka inngått avtale med Florø entreprenør om bygging av heilt nye lokaler. Det nye Fokus-bygget skal ligge i Leirvåggata på Evja. Bygget har ei kostnadsramme på 25 millionar kroner, og byggestart er september. Planlagt innflytting i nye lokaler er seinsommaren 2016.

Bygget vil ha ein moderne og tidsriktig fasade, og er teikna av arkitektane Xform i Førde. Det er på totalt 2300 m2 fordelt på tre plan.

-Vi er fleire selskap i vekst og har behov for større og meir moderne fasilitetar, seier dagleg leiar for Fokus elektro Svein Terje Nødseth. I det nye bygget vert det større verkstad og lager, og betre garderobefasilitetar for dei tilsette.

-Vi ønsker å satse sjølv om tidene er tøffe for mange i næringslivet. Vi trur på fortsatt vekst, og denne veksten vil vi vere med på. Med det nye bygget vil vi vere rusta til dette, seier Nødseth.